Korleis tildeler eg profilar til einingar?

Du vil kanskje tildele ein fargeprofil for skjermen eller skrivaren din slik at fargane som vert vist er meir nøyaktige.

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Innstillingar.

  2. Klikk på Innstillingar.

  3. Klikk Farge i sidefeltet for å opne panelet.

  4. Vel eininga du vil leggje til ein profil for.

  5. Klikk Legg til profil for å velje ein eksisterande profil eller importere ein ny profil.

  6. Trykk Legg til for å stadfeste valet ditt.

  7. For å endre brukt profil, vel du profilen du vil bruke og trykkjer Slå på for å stadfeste valet ditt.

Kvar eining kan ha fleire profilar tildelt, men berre éin profil kan vere standardprofilen. Standardprofilen vert nytta når det ikkje finst ekstra informasjon som gjer at profilen kan veljast automatisk. Eit døme på dette automatiske valet ville vere om ein profil vart oppretta for glansa papir og ein annan for vanleg papir.

Viss kalibreringsmaskinvara er kopla til, vil knappen Kalibrer … lage ein ny profil.