Kvifor må eg utføre kalibrering sjølv?

Generiske profilar er vanlegvis dårlege. Når ein produsent lagar ein ny modell, tek dei berre nokre få element frå produksjonslinja og tek gjennomsnittet:

Gjennomsnittsprofilar

Visingspanela skil seg ganske mykje frå eining til eining og endrar seg vesentleg når visinga vert eldre. Det er også vanskelegare for skrivarar, sidan berre det å byte type eller vekt på papiret kan gjere karakteriseringa ugyldig og gjere profilen unøyaktig.

Den beste måten å sikre at profilen du har er nøyaktig, er ved å utføre kalibreringa sjølv, eller ved å la eit eksternt selskap forsyne deg med ein profil basert på den nøyaktige karakteriseringsstaten din.