Flytt eit vindauge til eit anna arbeidsområde
Bruk av musa:
Opne Aktivitetar-oversynet.
Klikk og dra vindauget til arbeidsområdet som er vist delvis på sida av skjermen.
Dersom meir enn éin arbeidsflate allereie er i bruk, kan du òg sleppe vindauget på ein av dei ikkje-tilstøytande arbeidsflatene i arbeidsflateveljaren mellom søkjefeltet og vindaugslista. Denne arbeidsflata inneheld no vindauget du har sleppt, og ein ny tom arbeidsflate kjem til syne på slutten av arbeidsflateveljaren.
Bruk tastaturet:
Vel vindauget du vil flytte (for eksempel ved å bruke Super+Tab vindaugsskiftar).
-
Trykk Super+Shift+Page Up for å flytte vindauget til eit arbeidsområde til venstre for det noverande arbeidsområdet i arbeidsområdeveljaren.
Trykk Super+Shift+Page Down for å flytte vindauget til eit arbeidsområde til høgre for det noverande på arbeidsområdeveljaren.