Varsel og varsellista
Kva er eit varsel?
Viss ein app eller ein systemkomponent vil få merksemda di, vert det vist eit varsel øvst på skjermen, eller på låseskjermen din.
Døme: Viss du får ei ny melding i chatten eller ein ny e-post, får du eit varsel. Chatvarsel vert handsama på eige vis, og vert representert av dei enkelte kontaktane som har sendt deg chatmeldingane.
Andre varslingar har valbare knappar. For å lukke ei slik varsling utan å velje eit av alternativa, klikkar du på lukk-knappen.
Å klikke på lukkeknappen på nokre varsel fjernar dei. Andre, som Rhythmbox eller chat-appen din, vil halde fram med å vere skjulte i varslingslista.
Varslingslista
Varslingslista gjev deg ein måte å kome tilbake til varslingane dine når det passar deg. Ho kjem fram når du klikkar på klokka, eller trykkjer Super+V. Varslingslista inneheld alle varslingar du ikkje har teke stilling til, eller som permanent ligg der.
Du kan sjå eit varsel ved å klikke på det i lista. Du kan lukke varslingslista ved å trykkje Super+V att eller Esc.
Trykk på knappen Tøm liste for å tømme lista over varslingar.
Gøyme varsel
Om du arbeider med noko og ikkje vil verte forstyrra, kan du slå av varslingar.
Du kan skjule alle varslingar ved å opne varslingslista og slå på Ikkje forstyrr nedst. Eller:
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Innstillingar.
Klikk på Innstillingar.
Klikk på Varslingar i sidefeltet for å opne panelet.
Slå Ikkje forstyrr på.
Når Ikkje forstyrr er slått på, vil berre svært viktige varsel, som når batteriet er kritisk lågt, dukke opp øvst på skjermen. Alle varsel vil framleis vere tilgjengelege i varslingslista når du viser den (ved å klikke på klokka, eller ved å trykkje Super+V), og dei vil byrje å dukke opp att når du slår Ikkje forstyrr av.
Du kan også slå av eller slå på varslingar for kvar enkelt app frå Varslingar-vindauget.
Gøyme varsel på låst skjerm
Når skjermen din er låst, dukkar varsel opp på låseskjermen. Du kan konfigurere låseskjermen til å skjule desse varsla av omsyn til personvern.
For å slå av varslingar når skjermen er låst:
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Innstillingar.
Klikk på Innstillingar.
Klikk på Varslingar i sidefeltet for å opne panelet.
Slå av Låst skjerm-varslingar.