Den estimerte batteritida er feil

Når du sjekkar attverande batteritid, kan det hende at den attverande tida som vert rapportert, skil seg frå kor lenge batteriet faktisk varer. Dette er fordi mengda attverande batteritid berre kan estimerast. Som regel vert estimata betre over tid.

For å rekne ut attverande batteritid, må ein ta omsyn til fleire faktorar. Ein er mengda straum som vert brukt av datamaskina: straumforbruket varierer alt etter kor mange appar du har opne, kva einingar som er tilkopla, og om du køyrer nokon tunge oppgåver (som til dømes å sjå på høgoppløyst video eller konvertere musikkfiler). Dette endrar seg frå augeblikk til augeblikk, og er vanskeleg å føreseie.

Ein annan faktor er korleis batteriet vert utladd. Somme batteri mistar lading raskare jo tomare dei vert. Utan nøyaktig kunnskap om korleis batteriet vert utladd, kan ein berre lage eit grovt estimat på attverande batteritid.

Etter kvart som batteriet vert tømt, vil straumstyraren rekne ut tømmings eigenskapar og lære korleis han kan lage betre estimat for batterilevetid. Dei vil likevel aldri verte heilt nøyaktige.

Viss du får eit heilt latterleg estimat på batterilevetida (til dømes hundrevis av dagar), manglar kraftstyraren truleg noko av dataen han treng for å lage eit fornuftig estimat.

Dersom du tek ut straumen og brukar bæraren på batteri ei stund, og så set han i stikkontakten og lèt han lade på nytt, skal straumhandteraren kunne hente dataa han treng.