Kvifor har eg mindre batteritid enn eg hadde på Windows/Mac OS?

Somme datamaskinar ser ut til å ha kortare batteritid når dei køyrer Linux enn når dei køyrer Windows eller Mac OS. Ein grunn til dette er at datamaskinleverandørar installerer eigne program for Windows/Mac OS som optimaliserer ulike maskinvare/programvare-innstillingar for ein bestemt modell av datamaskin. Desse justeringane er ofte svært spesifikke, og kan vere udokumenterte, så det er vanskeleg å ta dei med i Linux.

Dessverre er det ikkje enkelt å utføre desse justeringane sjølv utan å vite nøyaktig kva dei er. Du vil likevel kanskje sjå at det hjelper å bruke nokre straumsparingsmetodar. Dersom datamaskina di har ein prosessor med variabel fart, kan det også vere nyttig å endre innstillingane.

Ein annan mogleg grunn til avviket er at metoden for å rekne ut batteritida er annleis på Windows/Mac OS enn på Linux. Den faktiske batteritida kan vere nøyaktig den same, men dei ulike metodane gjev ulike estimat.