Hent eit fil frå papirkorga
Viss du slettar ei fil med filhandsamaren, vert fila vanlegvis lagd i Papirkorg, og bør kunne gjenopprettast.
For å gjenopprette ei fil frå papirkorga:
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Filer.
Klikk på Filer for å opne filhandsamaren.
Klikk Papirkorg i sidefeltet. Om du ikkje ser sidefeltet, trykk på Vis sidestolpe-knappen i øvst til venstre i vindauget.
Viss den sletta fila di er der, klikk på den og vel Gjenopprett frå papirkorga. Den vert gjenoppretta til mappa der den vart sletta.
Viss du sletta fila ved å trykkje Shift+Delete , eller ved å bruke kommandolinja, er fila sletta for alltid. Filer som er sletta for alltid kan ikkje hentast frå Papirkorg.
Det finst fleire gjenopprettingsverktøy tilgjengelege som av og til kan gjenopprette filer som vart sletta permanent. Desse verktøya er likevel generelt ikkje enkle å bruke. Dersom du ved eit uhell har sletta ei fil permanent, er det truleg best å be om råd i eit supportforum for å sjå om du kan gjenopprette ho.