Finn ei tapt fil
Om du har laga eller lasta ned ei fil, men no ikkje finn ho, kan du følgje desse råda.
Viss du ikkje hugsar kvar du lagra fila, men har ei aning om kva namn du gav henne, kan du søkje etter fila ved namn.
Viss du nettopp har lasta ned fila, kan nettlesaren din ha lagra ho automatisk i ei vanleg mappe. Sjekk mappene Skrivebord og Nedlastingar i heimmappa di.
Du kan ha sletta fila ved eit uhell. Når du slettar ei fil, vert ho lagt i papirkorga, der ho ligg til du tømmer papirkorga manuelt. Sjå Hent eit fil frå papirkorga for å lære korleis du kan gjenopprette ei sletta fil.
Du kan ha gjeve fila eit namn som gjer at fila er skjult. Filer som byrjar med . eller sluttar med ~ er skjult i filhandsamaren. Trykk på menyknappen i sidefeltet til vindauget og slå på Vis skjulte filer for å vise dei. Sjå Gøyme ei fil for å lære meir.