Opne appar for einingar eller diskar
Du kan la ein app automatisk starte når du set inn ei eining eller set inn ei disk- eller minnekort. Du vil til dømes kanskje at bildeorganisatoren skal starte når du set inn eit digitalkamera. Du kan også slå av dette, slik at ingenting skjer når du set inn noko.
For å avgjere kva appar som skal starte når du koplar til ulike einingar:
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Flyttbart medium.
Vel Innstillingar ▸ Programvare frå resultata. Dette opnar Programvare-vindauget.
Vel Standardprogram for å opne vindauget.
I Fjernbar media-delen, slå Automatisk lansering av appar-brytaren på.
-
Finn ønskjeleg eining eller mediatype, og vel deretter ein app eller handling for den mediatypen. Sjå nedanfor for ei skildring av dei ulike einingane og mediatypane.
I staden for å starte ein app, kan du også stille det inn slik at eininga vert vist i filhandsamaren, med Opne mappe-valet. Når det skjer, vert du spurt kva du vil gjere, eller ingenting skjer automatisk.
Viss du ikkje ser eininga eller medietypen du vil endre i lista (som Blu-ray-diskar eller E-boklesarar), klikk Andre medium for å sjå ei meir detaljert liste over einingar. Vel einingstype eller medium frå Type-nedtrekksmenyen og appen eller handlinga frå Handling-nedtrekksmenyen.
Viss du ikkje vil at nokon app skal opnast automatisk, uansett kva du set inn, slår du av Automatisk lansering av appar-brytaren.
Typar einingar og medium
- Lydplater
Vel favorittapp eller CD-ekstraktor for å handsame lyd-CD-ar. Brukar du lyd-DVD-ar (DVD-A), vel korleis du vil opne dei under Andre medium. Opnar du ein lyd-CD med filhandsamaren, vert spora vist som WAV-filer som du kan spele i kva som helst app for lydavspeling.
- Videodiskar
Vel favoritt-appen din for å handsame video-DVD-ar. Bruk knappen Andre medium for å setje ein app for Blu-ray, HD DVD, video CD (VCD) og super video CD (SVCD). Om DVD-ar eller andre videodiskar ikkje fungerer korrekt når du set dei inn, sjå Kvifor vil ikkje DVD-ar spele?.
- Blanke diskar
Bruk Andre medium-knappen for å velje ein skrive-app for tomme CD-ar, tomme DVD-ar, tomme Blu-ray-plater og tomme HD DVD-ar.
- Kamera og bilete
-
Bruk Bilete-nedtrekanten til å velje ein app for bilethandsaming som skal køyrast når du koplar til det digitale kameraet ditt, eller når du set inn eit minnekort frå eit kamera, som eit CF-, SD-, MMC- eller MS-kort. Du kan også enkelt bla gjennom bileta dine ved hjelp av filhandsamaren.
Under Andre medium, kan du velje ein app for å opne Kodak-bilete-CD-ar, som dei du kanskje har laga i butikken. Dette er vanlege datastøtte-CD-ar med JPEG-bilete i ei mappe kalla Bilete.
- Musikkspelarar
Vel ein app for å administrere musikkbiblioteket på den berbare musikkspelaren din, eller administrer filene sjølv ved hjelp av filhandsamaren.
- E-bøker
Bruk Andre medium-knappen for å velje ein app til å administrere bøkene på e-boklesaren din, eller administrer filene sjølv med filhandsamaren.
- Programvare
-
Nokre diskar og flyttbare medium inneheld programvare som skal køyrast automatisk når mediet vert sett inn. Bruk Programvare-valet til å styre kva som skal gjerast når medium med autorun-programvare vert sett inn. Du vil alltid verte bedt om ei stadfesting før programvare vert køyrt.
Køyr aldri programvare frå medium du ikkje stolar på.