Kvifor vil ikkje DVD-ar spele?

Viss du set inn ein DVD i datamaskina og han ikkje spelar, har du kanskje ikkje dei rette DVD-kodekane installerte, eller DVD-en kan vere frå ein annan region.

Installasjon av dei rette kodekane for DVD-avspeling

For å spele DVD-ar må du ha dei rette kodekkar installerte. Ein kodek er eit program som gjer at app kan lese eit video- eller lydformat. Om filmspelaren din ikkje finn dei rette kodekkar, kan han tilby å installere dei for deg. Viss ikkje, må du installere kodekkar manuelt — spør om hjelp til korleis du gjer dette, til dømes på støttefora for Linux-distribusjonen din.

DVD-ar er òg kopibeskytta ved hjelp av eit system kalla CSS. Dette hindrar deg i å kopiere DVD-ar, men det hindrar deg òg i å spele dei av med mindre du har ekstra programvare til å handtere kopibeskyttinga. Denne programvara er tilgjengeleg frå fleire Linux-distribusjonar, men kan ikkje brukast lovleg i alle land. Ta kontakt med din Linux-distribusjon for meir informasjon.

Sjekkar DVD-regionen

DVD-ar har ein regionkode, som fortel kva for ein region i verda dei kan spelast av. Dersom DVD-spelaren på datamaskina di ikkje stemmer med regionen til DVD-en du prøver å spele av, vil du ikkje kunne spele av DVD-en. Dersom du til dømes har ein Region 1 DVD-spelar, vil du berre kunne spele av DVD-ar frå Nord-Amerika.

Det er ofte mogleg å endre regionen som DVD-spelaren din brukar, men det kan berre gjerast nokre få gongar før den låser seg til éin region for alltid. For å endre DVD-regionen til DVD-spelaren på datamaskina di, bruk regionset.

Du kan finne meir informasjon om DVD-regionkodar på Wikipedia.