Kan eg dele fargeprofilen min?

Fargeprofilar som du sjølv har laga, er spesifikke for maskinvara og lysforholda du har kalibrert for. Ein skjerm som har vore på i nokre hundre timar, vil ha ein svært ulik fargeprofil enn ein tilsvarande skjerm med neste serienummer som har vore på i tusen timar.

Dette tyder at om du deler fargeprofilen din med nokon, kan du få dei nærare kalibrering, men det er i beste fall villedande å seie at skjermen deira er kalibrert.

På same måte, med mindre alle har tilrådd kontrollert belysning (ikkje sollys frå vindauge, svarte veggar, dagslyspærer osv.) i eit rom der bildevising og redigering føregår, gjev det lite meining å dele ein profil du har laga under dine eigne spesielle lysforhold.

Du bør sjekke vilkåra for vidareformidling nøye for profilar som er nedlasta frå leverandøren sine nettsider eller som er laga på vegner av deg.