Kva er eit fargerom?
Fargerommet er eit definert fargeregister. Velkjende fargerom inkluderer sRGB, AdobeRGB og ProPhotoRGB.
Det menneskelege synssystemet er ikkje ein enkel RGB-sensor, men vi kan gje ei tilnærming av korleis auget svarar med eit CIE 1931-kromatisk diagram som viser det menneskelege synet som ein hesteskoform. Du kan sjå at i menneskeleg syn vert det oppfatta langt fleire nyansar av grønt enn blått eller raudt. Med eit trikromatisk fargerom som RGB representerer vi fargane på datamaskina ved hjelp av tre verdiar, noko som avgrensar til å kode ein triangel av fargar.
Å bruke modellar som eit CIE 1931 kromatisk diagram er ei stor forenkling av det menneskelege synssystemet, og ekte fargerom vert uttrykt som 3D-konvoluttar, ikkje som 2D-projeksjonar. Ein 2D-projeksjon av ein 3D-form kan av og til vere villedande, så om du vil sjå 3D-konvolutten, bruk gcm-viewer-appen.
Først, når vi ser på sRGB, som er det minste rommet og kan kode det minste talet på fargar. Det er ei tilnærming til ein 10 år gammal CRT-skjerm, og dermed kan dei fleste moderne skjermar enkelt vise fleire fargar enn dette. sRGB er ein minste-felles-nemnar standard og vert brukt i eit stort tal appar (inkludert Internett).
AdobeRGB vert ofte brukt som eit redigeringsrom. Det kan kode fleire fargar enn sRGB, noko som tyder at du kan endre fargar i eit fotografi utan å vere for uroa for at dei klåraste fargane vert klipt eller at svartfargane vert knuste.
ProPhoto er det største rommet som er tilgjengeleg og vert ofte brukt til arkivering av dokument. Det kan kode nesten heile fargespekteret som det menneskelege auget oppfattar, og til og med kode fargar som auget ikkje kan oppfatte!
No, viss ProPhoto er tydeleg betre, kvifor brukar vi det ikkje til alt? Svaret har med kvantisering å gjere. Viss du berre har 8 bit (256 nivå) til å koda kvar kanal, så vil eit større område få større steg mellom kvar verdi.
Større steg tyder større feil mellom fargen som vert fanga og den lagra fargen, og for enkelte fargar er dette eit stort problem. Det viser seg at viktige fargar, som hudfargar, er svært viktige, og sjølv små feil vil få utryna sjåarar til å leggje merke til at noko i eit fotografi ser feil ut.
Sjølvsagt vil bruk av 16 bit-bilete gje mange fleire trinn og ein langt mindre kvantiseringsfeil, men dette doblar storleiken på kvar bildefil. Det meste av innhald som finst i dag er 8bpp, det vil seie 8 bit per piksel.
Fargehandtering er ein prosess for å konvertere frå eit fargerom til eit anna, der eit fargerom kan vere eit velkjent definert rom som sRGB, eller eit tilpassa rom som til dømes skjerm- eller skrivarprofilen din.
