Skann ei mappe
Skanning av enkeltmapper går raskare enn skanning av heile filsystemet, så det kan vere meir effektivt om du berre vil ha informasjon om ein bestemt del av filsystemet.
Trykk på knappen øvst til høgre i hovudvindauget og vel Skann mappe ….
Eit vindauge for filval vert opna. Vel mappa du vil skanne.
Klikk Opne for å byrje skanninga.
Mappa du nettopp skanna vert no lagd til lista over Einingar og plasseringar. Om mappa vert omdøypt eller sletta, vert ho fjerna frå lista neste gong du startar Analyse av diskplass på nytt.