Feil ved skanning

Når du skannar, kan du sjå meldinga Klarte ikkje skanne /… eller nokre av mappene der øvst i Analyse av diskplass-vindauget. Denne feilen oppstår fordi du ikkje har dei nødvendige tilgangane til å få tilgang til enkelte filer på grunn av avgrensingar på mål-systemet. Filene du ikkje får tilgang til, vil ikkje verte brukte til å rekne ut diagrammet som viser diskbruken, og dermed kan resultatet som vert rapportert vere feil.

Det er heilt vanleg å ikkje ha tilgang til alle filer og mapper, så du kan ikkje gjere noko med denne feilen.

Analyse av diskplass brukar kommandoen du for å lage den detaljerte oversikta over lagringsbruk, og krev at du har lesetilgang på filer og utføringstilgang på mapper.

Diskbruken for heile filsystemet vert derimot rekna ut med kommandoen df, som byggjer på filsystemet og ikkje på filrettar.