Skann ei fjernmappe
Analyse av diskplass kan skanne lagringseiningar som er tilgjengelege over nettverket. Slik skannar du heile filsystemet eller ei bestemt mappe over nettverket:
Viss du har skanna det fjerne filsystemet før, vel det under Fjernstader i lista over Einingar og plasseringar.
Viss du tidlegare har kopla til det fjerne filsystemet, men ikkje skanna det, vel du det fjerne filsystemet frå lista.
-
Viss du ikkje har kopla til det fjerne filsystemet før, skriv du inn URL-en i Skriv inn tenaradresse … under Kople til tenar. Den vil vanlegvis ha ein protokoll, etterfylgt av eit kolon og to skråstrekar, som ser annleis ut alt etter kva protokoll du brukar.
Klikk Kople til for å halde fram; du kan verte bedd om fleire detaljar, som eit passord og brukarnamn, før skanninga byrjar.
Vel ei mappe om du ikkje vil skanne heile filsystemet.
Trykk Opne for å halde fram.
Skanning over nettverket kan gå langsamare enn skanning av eit lokalt filsystem.