Innleiing
Analyse av diskplass er ein grafisk app for analyse av lagringseiningar. Han kan brukast til å skanne fleire lokale eller fjerne lagringseiningar, inkludert harddiskar, SSD-ar, USB-stikk, digitalkamera og minnekort. Analyse av diskplass kan skanne anten heile filsystemet, Heim-mappa di, ei spesifikk mappe eller ei fjernmappe.
Resultata kan vere nyttige for å avgjere kva mapper som kan arkiverast, slettast eller flyttast for å frigjere plass. Du kan også bruke resultata til å rekne ut kor mykje plass som vil vere nødvendig for ei sikkerheitskopi av spesifikke mapper.