Angrar, gjer på nytt og forkastar endringar
GNOME Tekstredigering held automatisk styr på endringar som vert gjort medan du redigerer ei fil. Endringar kan gjerast om og gjenopprettast medan du redigerer, slik at det er lett å rette feil.
Endringar som er spora for ei fil, vil gå tapt etter at du har lukka ho, eller etter at du har forkasta endringane.
Angrar eller gjentek ei endring
Å trykkje Ctrl+Z vil angre den siste endringa som vart gjort på ei fil. Ved å bruke denne snarvegen gjentatte gonger vil endringar fortsette å verte angra slik dei opphavleg vart gjorde.
Å trykkje Ctrl+Shift+Z vil gjere om att den siste angra endringa i ei fil. Ved å bruke denne snarvegen fleire gonger vil endringane fortsette å verte gjort om att slik dei opphavleg vart gjorde.
Endringar kan berre gjerast på nytt viss den førre redigeringa var angre eller gjer om. Til dømes vil det å skrive tekst i ei fil rett etter å ha angra ei endring hindre å gjere om den siste angra endringa.
Avviser alle endringar sidan siste lagring
Hovudmeny ▸ Kast endringar vil permanent kaste alle endringar som er gjort i ei fil sidan ho sist vart lagra.