Søk og erstat
GNOME-tekstredigering gjer at du raskt kan søkje i store tekstfiler etter spesifikke tekstdelar. Ofte må desse tekstdelane også bytast ut.
Søk etter tekst
Aktiver søkefeltet via Hovudmeny ▸ Finn/erstatt... eller aktiver det via Ctrl+F.
Legg søkeordet ditt inn i inntastingsfeltet.
Søket vert utført medan du skriv. Du kan no bla gjennom søkeresultatet med ↑ eller ↓ eller med knappane ved sida av inngangen.
Trykk Enter flyttar markøren til det markerte søkeresultatet.
Trykk Escape for å forkaste søkefeltet og søkeresultatet.
Søk tips og triks
For å søkje raskt etter eit ord markerer du ordet og trykkjer Ctrl+F. Ordet vert automatisk ført inn i søkefeltet.
-
Søket kan finjusterast med fleire val i tannhjul-menyen.
Berre samsvar med heile ordet
Bruk av regulære uttrykk som søketerm
Respekterer store og små bokstavar i søketermen
Erstatt tekst
Slå på søkefeltet via Hovudmeny ▸ Finn/Erstatt... eller via Ctrl+H.
Viss du opna søkefeltet via Hovudmeny må du trykkje på knappen for å slå på erstatte-funksjonen.
Legg inn søketermen som skal bytast ut i inntastingsfeltet.
Legg inn erstatningstermen din i det andre inntastingsfeltet.
Søket vert utført medan du skriv. Du kan no bla gjennom søkeresultatet med ↑ eller ↓ eller med knappane ved sida av inngangen.
Det er no mogleg å berre erstatte det gjeldande søkeresultatet via Erstatt eller du kan erstatte alle førekomstar via Erstatt alle.