Tøm papirkorg og mellombelse filer
Tømming av papirkorga og mellombelse filer fjernar uønskte og unødvendige filer frå datamaskina di, og frigjer samtidig meir plass på harddisken. Du kan tømma papirkorga og sletta mellombelse filer manuelt, men du kan òg setja datamaskina til å gjera dette automatisk for deg.
Midlertidige filer er filer som vert laga automatisk av appar i bakgrunnen. Dei kan auke ytinga ved å gje ein kopi av data som vart nedlasta eller rekna ut.
Tømm papirkorga automatisk og slett mellombelse filer
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Personvern og tryggleik.
Vel Innstillingar ▸ Personvern og tryggleik frå resultata. Dette opnar Personvern og tryggleik-panelet.
Klikk på Filhistorikk og papirkorg for å opne panelet.
Slå på Automatisk sletting av papirkorg eller Slett mellombelse filer automatisk.
Stil kor ofte du vil at Papirkorga og mellombelse filer skal verte reinsa ved å endre verdien for Automatisk sletteperiode.
Bruk knappane Tøm papirkorg … eller Slett mellombelse filer … for å utføre desse handlingane med ein gong.
Du kan slette filer med ein gong og for godt utan å bruke papirkorga. Sjå Slett ei fil permanent for informasjon.