Skriv til fil
Du kan velje å skrive ut eit dokument til ei fil i staden for å sende det til ein skrivar. Å skrive ut til fil vil lage ei PDF-, PostScript- eller SVG-fil som inneheld dokumentet. Dette kan vere nyttig om du vil overføre dokumentet til ei anna maskin eller dele det med nokon.
For å skrive ut til fil:
Opne utskriftsvindauget ved å trykkje Ctrl+P.
Vel Skriv til fil i Allment-fana.
For å endre standard filnamn og kvar fila vert lagra, klikk på filnamnet under skrivarvalet. Klikk Vel eller Lagre når du er ferdig med å velje.
PDF er standardfilformat for dokumentet. Om du vil bruke eit anna Utskriftsformat, vel du anten PostScript eller SVG.
Vel dine andre innstillingar for sida.
Trykk på Skriv ut for å lagre fila.