Set opp ein lokal skrivar
Systemet ditt kan kjenne att mange typar skrivarar automatisk når dei er kopla til. Dei fleste skrivarar vert kopla til med ein USB-kabel som vert festa til datamaskina di, men nokre skrivarar vert kopla til det kabla eller trådlause nettverket ditt.
Viss skrivaren din er kopla til nettverket, vert han ikkje sett opp automatisk – du bør leggje han til frå Skrivarar-panelet i Innstillingar.
Sjå til at skrivaren er slått på.
Kople skrivaren til systemet ditt med den rette kabelen. Du vil sjå aktivitet på skjermen medan systemet leitar etter drivarar, og du kan verte bedd om å stadfeste for å installere dei.
Når systemet er ferdig med å installere skrivaren, kjem det opp ei melding. Vel Skriv testside for å skrive ut ei testside, eller Val for å gjere fleire endringar i oppsettet til skrivaren.
Viss skrivaren din ikkje vart sett opp automatisk, kan du leggje han til i skriveinnstillingane:
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Skrivarar.
Klikk Skrivarar.
Avhengig av systemet ditt, må du kanskje trykkje Lås opp øvst til høgre og skrive inn passordet når du vert bedt om det.
Trykk på Legg til skrivar … knappen.
-
I pop-up-vindauget vel du den nye skrivaren din og trykkjer på Legg til.
Viss skrivaren din ikkje vert funnen automatisk, men du kjenner nettverksadressa, skriv du ho inn i tekstfeltet nedst i vindauget og trykkjer på Legg til
Viss skrivaren din ikkje dukkar opp i Legg til skrivar-vindauget, må du kanskje installere utskriftsdrivarar.
Etter at du har installert skrivaren, kan du endra standardskrivaren din.