Kvifor slår ikkje datamaskina mi seg på att etter at eg har sett han i dvale?
Viss du set datamaskina i dvale, og prøver å vekkje ho att, kan det hende at det ikkje fungerer slik du forventa. Dette kan skuldast at dvale ikkje vert støtta på ein god måte av maskinvara di.
Datamaskina mi er sett på pause og vert ikkje vekka
Dersom du set datamaskina i dvale og trykkjer på ein tast eller klikkjer med musa, skal ho vakne og vise ein skjerm der du vert bedd om å skrive inn passordet ditt. Dersom dette ikkje skjer, prøv å trykkje på knappen for straum (ikkje hald han inne, berre trykk éin gong).
Viss dette framleis ikkje hjelper, må du sjå at dataskjermen er slått på og prøve å trykkje på ein tast på tastaturet på nytt.
Som siste utveg kan du slå av datamaskina ved å halde inne straummknappen i 5–10 sekund, men då mistar du alt uskrive arbeid. Etterpå skal du kunne slå på datamaskina att.
Dersom dette skjer kvar gong du set datamaskina i dvale, fungerer kanskje ikkje dvale-funksjonen med maskinvara di.
Viss datamaskina di mistar straumen og ikkje har ei alternativ straumforsyning (som eit fungerande batteri), vil ho slå seg av.
Den trådlause tilkoplinga (eller anna maskinvare) fungerer ikkje når eg vekkjer datamaskina
Viss du set datamaskina i dvale og så vekkjer ho att, kan det hende at internettilkoplinga, musa eller eit anna utstyr ikkje fungerer som det skal. Dette kan skuldast at drivaren for utstyret ikkje støttar dvale på korrekt vis. Dette er eit problem med drivaren og ikkje med sjølve utstyret.
Dersom eininga har ein straumbrytar, prøv å slå han av og så på att. I dei fleste tilfelle vil eininga byrje å fungere att. Dersom han vert kopla til via ein USB-kabel eller liknande, trekk ut eininga og set han så inn att og sjå om han fungerer.
Om du ikkje kan slå av eller trekkje ut støpselet til eininga, eller om dette ikkje fungerer, må du kanskje starte datamaskina på nytt for at eininga skal byrje å fungere igjen.