Kvifor slår datamaskina mi seg av når eg lukkar loket?
Når du lèt att lokket på den berbare datamaskina, vert datamaskina sett i kvilemodus for å spare straum. Dette tyder at datamaskina ikkje er slått av — ho har berre gått i dvale. Du kan vekkje ho ved å opne lokket. Om ho ikkje vaknar, prøv å klikke med musa eller trykkje på ein tast. Om det framleis ikkje fungerer, trykkjer du på knappen for straum.
Nokre datamaskinar klarer ikkje suspendere skikkeleg, normalt fordi maskinvara ikkje er fullt ut støtta av operativsystemet (til dømes at Linux-drivarane er ufullstendige). I dette tilfellet kan det hende at du ikkje klarer å vekke datamaskina etter at du har lukka loket. Du kan prøve å løyse problemet med suspendering, eller du kan hindre at datamaskina prøver å suspendere når du lukkar loket.
Sørg for at datamaskina ikkje går i dvale når loket er att
Desse instruksjonane vil berre fungere om du brukar systemd. Kontakt utgåva din for meir informasjon.
Du må ha Tweaks installert på datamaskina di for å endre denne innstillinga.
Viss du ikkje vil at maskina skal suspendere når du lukkar loket, kan du endre innstillinga for det oppførsel.
Ver svært forsiktig om du endrar denne innstillinga. Somme berbare datamaskinar kan verte overopphita om dei vert ståande på med lokket lukka, særleg om dei står på ein trong plass som i ein ryggsekk.
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Tweaks.
Trykk på Tweaks for å opne appen.
Vel fana General.
Slå av Suspend when laptop lid is closed-brytaren.
Lukk Tweaks-vindauget.