Kva er ein drivar?
Einingar er dei fysiske «delane» til datamaskina di. Dei kan vere eksterne som skrivarar og skjermar eller interne som grafikk- og lydkort.
For at datamaskina skal kunne bruke desse einingane, må ho vite korleis ho skal kommunisere med dei. Dette vert gjort av programvare som vert kalla ein einingstendrar.
Når du koplar til ei eining til datamaskina di, må du ha rett drivar installert for at eininga skal fungere. Til dømes, viss du koplar til ein skrivar, men ikkje har rett drivar, vil du ikkje kunne bruke skrivaren. Vanlegvis brukar kvar modell av eininga ein drivar som ikkje er kompatibel med andre modellar.
På Linux er drivarane for dei fleste einingar installerte som standard, slik at alt skal fungere når du pluggar det inn. Likevel kan det hende at drivarane må installerast manuelt, eller at dei ikkje er tilgjengelege i det heile.
I tillegg er nokre eksisterande drivarar ufullstendige eller delvis ikkje-funksjonelle. Til dømes kan du oppdage at skrivaren din ikkje kan skrive på begge sider, men elles fungerer fullt ut.