Vel ein straumprofil
Du kan styre straumbruken ved å velje ein Straummodus. Det finst tre moglege profilar:
Yting: Høg yting og straumbruk. Denne modusen vert berre synleg dersom datamaskina di støttar det. Han vert valbar dersom datamaskina di køyrer på vekselstraum. Dersom eininga di kan merke om ho ligg på fanget, kan du ikkje velje dette alternativet når nokon har eininga på fanget.
Balansert: Standard yting og straumbruk. Dette er standardinnstillinga.
Straumsparing: Redusert yting og straumbruk. Denne innstillinga maksimerer batteritida. Det kan slå på nokre straumsparingsval, som å dimme skjermen kraftig, og hindre at desse vert slått av.
For å velje ein straumprofil:
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Straum.
Trykk Straum for å opne panelet.
I Straummodus-delen vel du ein av profilane.