Kople til eit gøymt trådlaust nettverk

Det er mogleg å setje opp eit trådlaust nettverk slik at det er «gøymt». Gøymde nettverk vil ikkje visast i lista over trådlause nettverk i Nettverk-innstillingane. Slik koplar du deg til eit gøymt trådlaust nettverk:

  1. Opne systemmenyen frå høgresida av topplinja.

  2. Vel pilen til Wi‑Fi. Wi-Fi-delen av menyen vil utvide seg.

  3. Klikk Alle nettverk.

  4. Trykk på menyknappen i øvre høgre hjørne av vindauget og vel Kopla til gøymt nettverk ….

  5. I vindauget som kjem fram, vel du eit gøymt nettverk du tidlegare har kopla til med rullegardinlista Tilkopling, eller Ny for eit nytt.

  6. For ei ny tilkopling skriv du nettverksnamnet og vel typen trådlaus tryggleik frå rullegardinmenyen Wi-Fi-tryggleik.

  7. Skriv inn passordet eller andre tryggingsdetaljar.

  8. Trykk Kople til.

Du må kanskje sjekke innstillingane til det trådlause tilgangspunktet eller ruteren for å sjå kva nettverksnamnet er. Dersom du ikkje har nettverksnamnet (SSID), kan du bruke BSSID (Basic Service Set Identifier, tilgangspunktet si MAC-adresse), som ser omtrent slik ut: 02:00:01:02:03:04 og som vanlegvis står på undersida av tilgangspunktet.

Du bør også sjekke tryggingsinnstillingane for det trådlause tilgangspunktet. Sjå etter omgrep som WEP og WPA.

Du tenkjer kanskje at det å gøyme det trådlause nettverket ditt vil betre tryggleiken ved å hindre folk som ikkje veit om det frå å kople seg på. I praksis er det ikkje tilfelle; nettverket er noko vanskelegare å finne, men det er framleis mogleg å oppdage.