Eg kan ikkje sjå det trådlause nettverket mitt i lista

Det er fleire grunnar til at du kanskje ikkje kan sjå det trådlause nettverket ditt i lista over tilgjengelege nettverk frå systemmenyen.

  • Viss ingen nettverk vert viste i lista, kan det hende at det trådlause maskinvaret ditt er slått av, eller at det ikkje fungerer som det skal. Sjekk at det er slått på.

  • Du kan vere utanfor rekkjevidda til nettverket. Prøv å flytte deg nærare den trådlause basestasjonen/ruteren og sjå om nettverket dukkar opp i lista etter ei stund.

  • Oppdateringa av trådlaus nettverksliste tek litt tid. Om du nettopp har slått på datamaskina eller flytta deg til ein annan plass, vent i eit minutt eller to og sjekk om nettverket har dukka opp i lista.

  • Nettverket kan vere gøymt. Du må kople til på ein annan måte viss det er eit gøymt nettverk.