Opprett ei tilkopling med ei fast IP-adresse
Dei fleste nettverk vil automatisk tildele ei IP-adresse og andre detaljar til datamaskina di når du koplar deg til nettverket. Desse detaljane kan endre seg med jamne mellomrom, men du vil kanskje ha ei fast IP-adresse for datamaskina slik at du alltid veit kva adressa er (til dømes om det er ein filtenar).
For å gje datamaskina di ei fast (statisk) IP-adresse:
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Nettverk.
Klikk på Nettverk for å opne vindauget.
Finn nettverkstilkoplinga du vil ha ei fast adresse. Klikk på
-knappen ved sida av nettverkstilkoplinga. For ei Wi‑Fi-tilkopling vil
-knappen liggje ved sida av det aktive nettverket.
Vel IPv4 eller IPv6 fana og endre Metode til Manuell.
Skriv inn IP-adresse og Portnar, samt korrekt Nettmaske.
I DNS-delen slår du Automatisk-brytaren av. Skriv inn IP-adressa til ein DNS-tenar du vil bruke. Legg til fleire DNS-tenaradresser med +-knappen.
I Ruter-delen, slå Automatisk-brytaren av. Tast inn Adresse, Nettmaske, Portnar og Metrikk for ei rute du vil bruke. Legg til fleire ruter ved å bruke +-knappen.
Klikk Bruk. Nettverkstilkoplinga skal no ha ei fast IP-adresse.