Kva er ei IP-adresse?

«IP-adresse» står for Internett Protocol-adresse, og kvar eining som er kopla til eit nettverk (som internett) har ei.

Ei IP-adresse er som eit telefonnummer. Telefonnummeret ditt er eit unikt sett med tal som identifiserer telefonen din slik at andre kan ringe deg. På same måte er ei IP-adresse eit unikt sett med tal som identifiserer datamaskina di slik at ho kan sende og ta imot data med andre datamaskinar.

For tida består dei fleste IP-adresser av fire sett med tal, kvart skilt med eit punktum. 192.168.1.42 er eit døme på ein IP-adresse.

Ei IP-adresse kan anten vera dynamisk eller statisk. Dynamiske IP-adresser vert mellombels tildelte kvar gong datamaskina di koplar seg til eit nettverk. Statiske IP-adresser er faste og endrar seg ikkje. Dynamiske IP-adresser er meir vanlege enn statiske adresser — statiske adresser vert vanlegvis berre brukte når det er eit spesielt behov for dei, som til dømes i administrasjonen av ein tenar.