Delta og forbetre denne guiden
Send inn eit problem
Denne hjelpedokumentasjonen er laga av eit frivillig fellesskap. Du er velkomen til å delta. Dersom du oppdagar eit problem med desse hjelpesidene (som skrivefeil, feil instruksjonar eller emne som burde vere med, men ikkje er det), kan du sende inn ei ny sak. For å sende inn ei ny sak, gå til saksporing.
Du må registrere deg, slik at du kan sende inn eit problem og få oppdateringar på e-post om statusen. Om du ikkje allereie har ein konto, klikk på knappen Logg inn / Registrer deg for å opprette ein.
Når du har ein brukar, må du sørgje for at du er innlogga, og så gå tilbake til dokumentasjons-saksporing og klikk Ny sak. Før du rapporterer ei ny sak, vil vi at du skal søkje etter saka for å sjå om noko liknande alt finst.
Før du sender inn saka di, vel du rett etikett i Etikettar-menyen. Viss du melder ei sak mot denne dokumentasjonen, skal du velje gnome-help-etiketten. Viss du ikkje er sikker på kva komponent saka di gjeld, skal du ikkje velje noko.
Dersom du ber om hjelp til eit emne som du føler ikkje er dekka, vel du Funksjon som merking. Fyll ut felta Tittel og Skildring og trykk Send inn sak.
Saka di får eit ID-nummer, og statusen vert oppdatert medan ho vert handsama. Takk for at du hjelper til med å gjere GNOME Help betre!
Kontakt oss
Kople deg til andre GNOME-dokumentasjonsredaktørar i #docs:gnome.org Matrix-rommet. Sjå Få hjelp med Matrix-sida for meir informasjon. Om du vil, finst det også ein IRC-kanal, #gnome-docs, på GNOME IRC-tenaren. Sidan folka i desse romma er spreidde over heile verda, kan det ta ein augeblink å få eit svar.
Elles kan du kontakte dokumentasjonsteamet ved å bruke GNOME Discourse.
Vår wikiside inneheld nyttig informasjon om korleis du kan bli med og bidra.