Korleis kalibrerer eg skannaren min?

Viss du vil at skannaren skal attgje fargen nøyaktig i skanningane, bør du kalibrere han.

  1. Sjå til at skannaren din er kopla til datamaskina med ein kabel eller over nettverket.

  2. Skann kalibreringsmålet ditt og lagre det som ei ukomprimert TIFF-fil.

  3. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Innstillingar.

  4. Klikk på Innstillingar.

  5. Klikk Farge i sidefeltet for å opne panelet.

  6. Vel skannaren din.

  7. Trykk Kalibrer … for å byrje kalibreringa.

Skannarar er utruleg stabile over tid og temperatur, så dei treng som regel ikkje å verte rekalibrerte.