Styr kva tenester ein konto kan brukast til å få tilgang til

Somme typar nettkontoar let deg få tilgang til fleire tenester med same brukarkonto. Til dømes gjev Google-kontoar tilgang til kalender, e-post og kontaktar. Du vil kanskje bruke kontoen din til nokre tenester, men ikkje andre. Til dømes vil du kanskje bruke Google-kontoen din til e-post, men ikkje til kalender, dersom du har ein annan nettkonto som du brukar til kalender.

Du kan slå av nokre av tenestene som vert tilbodne av kvar nettkonto:

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Nettkontoar.

  2. Klikk på Nettkontoar for å opne vindauget.

  3. Velj kontoen du vil endre frå lista til høgre.

  4. Ei liste over tenester som er tilgjengelege med denne kontoen vert vist under Bruk for. Sjå Tenester og appar på nett for å sjå kva appar som har tilgang til kva tenester.

  5. Slå av tenestene du ikkje vil bruke.

Når ei teneste har vorte slått av for ein konto, vil appane på datamaskina di ikkje lenger kunne bruke kontoen til å kople til den tenesta.

For å slå på ei teneste som du har slått av, går du berre tilbake til Nettkontoar-vindauget og slår ho på.