Legg til ein konto
Å leggje til ein konto vil hjelpe med å kople nettkontoane dine saman med skrivebordet. Dermed vil e-postklienten, kalenderen og andre relaterte appar verte sette opp for deg.
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Nettkontoar.
Klikk på Nettkontoar for å opne vindauget.
Vel ein konto frå lista.
Vel kva type konto du vil leggje til.
Eit vindauge opnar der du anten kan skrive inn innloggingsinformasjonen din eller trykkje på ein knapp som opnar nettlesaren din for å logge inn på kontoen. Til dømes, om du set opp ein Google-konto, klikk Logg inn... og skriv deretter inn e-postadressa og passordet ditt.
Viss du har skrive inn innloggingsinformasjonen din rett, vert du bedt om å gje GNOME tilgang til nettkontoen din. Stadfest tilgang for å halde fram.
Alle tenester som vert tilbodne av ein kontoleverandør, vil vere aktivert som standard. Slå av enkeltståande tenester for å deaktivere dei.
Etter at du har lagt til kontoar, kan appar bruke desse kontoane for tenestene du har valt å tillate. Sjå Styr kva tenester ein konto kan brukast til å få tilgang til for informasjon om å styre kva tenester som skal tillatast.
Mange nettbaserte tenester gjev eit autorisasjonstoken som GNOME lagrar i staden for passordet ditt. Om du fjernar ein konto, bør du også trekkje tilbake det sertifikatet i den nettbaserte tenesta. Sjå Fjern ein konto for meir informasjon.