Korleis fungerer administrative privilegium?
I tillegg til filene som du opprettar, har datamaskina di eit antal filer som systemet treng for å fungere skikkeleg. Dersom desse viktige systemfilene vert endra på feil måte, kan det føre til at ulike ting sluttar å virke, så dei er som standard verna mot endringar. Enkelte appar endrar også viktige delar av systemet, og er difor også verna.
Måten dei er verna på er ved at berre brukarar med administrative privilegi får endre filene eller bruke appane. I dagleg bruk vil du ikkje trenge å endre nokon systemfiler eller bruke desse appane, slik som standard har du ikkje administrative privilegi.
Av og til må du bruke desse appane, så du kan få mellombelse administrative privilegiar for å gjere endringane. Om ein app treng administrative privilegiar, vil han be om passordet ditt. Til dømes, om du vil installere ny programvare, vil programvareinstallatøren (pakkehandteraren) be om administratorpassordet ditt slik at han kan leggje til den nye appen i systemet. Når han er ferdig, vert dei administrative privilegia dine tekne bort att.
Administrative privilegium er knytte til brukarkontoen din. Administrator-brukarar har lov til å ha desse privilegia, medan Standard-brukarar ikkje har det. Utan administrative privilegium vil du ikkje kunne installere programvare. Enkelte brukarkontoar (for eksempel «root»-kontoen) har permanente administrative privilegium. Du bør ikkje bruke administrative privilegium heile tida, fordi du kan kome til å endre noko du ikkje hadde tenkt (som å slette ei nødvendig systemfil, for eksempel).
Kort oppsummert gjev administrative rettar deg høve til å endre viktige delar av systemet ditt når det er nødvendig, men hindrar deg i å gjere det ved eit uhell.
Kva tyder «superuser»?
Ein brukar med administrative privilegiar vert av og til kalla superuser. Dette er rett og slett fordi den brukaren har fleire privilegiar enn vanlege brukarar. Du ser kanskje folk diskutere ting som su og sudo; dette er program som mellombels gjev deg «superuser»- (administrative) privilegiar.
Kvifor er administrative privilegium nyttige?
Det er nyttig å krevje at brukarar har administrative rettar før viktige systemendringar vert gjorde, fordi det hjelper til med å hindre at systemet vert øydelagt, med vilje eller utilsikta.
Om du hadde administrative rettar heile tida, kan du ved eit uhell endre ei viktig fil, eller køyre ein app som endrar noko viktig ved ein feil. Å berre få administrative rettar mellombels, når du treng dei, reduserer risikoen for at slike feil skjer.
Berre visse pålitelege brukarar skal få ha administrative rettar. Dette hindrar andre brukarar i å rotast med datamaskina og gjere ting som å avinstallere app som du treng, installere app som du ikkje vil ha, eller endre viktige filer. Dette er nyttig frå eit tryggleiksstandpunkt.