Endre passordet ditt
Det er lurt å byte passordet ditt frå tid til tid, særleg om du trur nokon andre kjenner passordet ditt.
Du treng administrator-tilgang for å redigere brukerkontoar andre enn din eigen.
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive System.
Vel Innstillingar ▸ System frå resultata. Dette opnar System-panelet.
Vel Brukarar for å opne panelet.
Trykk på merket ····· ved sida av Passord. Skal du endre passordet for ein annan brukar, må du først Lås opp panelet og velje brukaren under Andre brukarar.
-
Skriv inn noverande passord, og deretter eit nytt passord. Skriv det nye passordet på nytt i Stadfest nytt passord-feltet.
Du kan trykkje på
-ikonet for å automatisk lage eit tilfeldig passord.
Klikk Endra.
Sjå til at du vel eit godt passord. Dette vil hjelpe til med å halde brukarkontoen din trygg.
Når du oppdaterer innloggingspassordet ditt, vert innloggingsnøkkelringen sitt passord automatisk oppdatert til å vere det same som det nye innloggingspassordet ditt.
Om du gløymer passordet ditt, kan kvar brukar med administratorrettar endre det for deg.