Start appane
Flytt musepeikaren til Aktivitetar-hjørnet øvst til venstre på skjermen for å vise Aktivitetar-oversynet. Her finn du alle appane dine. Du kan også opne oversynet ved å trykkje Super-tasten.
Det finst fleire måtar å opne ein app når du er i Aktivitetar-oversynet:
Byrje å skrive namnet på ein app — søkjer byrjar med ein gong. (Dersom dette ikkje skjer, klikk på søkjefeltet øvst på skjermen og byrje å skrive.) Dersom du ikkje kjenner det nøyaktige namnet på ein app, prøv å skrive eit relatert ord. Klikk på ikonet til appen for å starte han.
-
Somme appar har ikon i dash, den horisontale stripa med ikon nedst i Aktivitetar-oversynet. Klikk på eitt av desse for å starte den tilhøyrande appen.
Viss du har appar som du brukar svært ofte, kan du leggje dei til i dashbordet sjølv.
Trykk på rutenettet (som har ni prikkar) i dashbordet. Du vil sjå den fyrste sida med alle installerte appar. For å sjå fleire appar, trykk på prikkane nedst, over dashbordet, for å sjå andre appar. Trykk på appen for å starte han.
-
Du kan opne ein app i eit eige arbeidsområde ved å dra ikkje-valt ikon frå dashbordet og sleppe det på eit av arbeidsområda. Appen vil opne seg i det valde arbeidsområdet.
Du kan starte ein app i eit nytt arbeidsområde ved å dra ikonet til eit tomt arbeidsområde, eller til det vesle mellomrommet mellom to arbeidsområde.
Køyrer kommando raskt
Ein annan måte å starte ein app på er å trykkje Alt+F2, skrive kommandonamnet, og så trykkje Enter-tasten.
For eksempel, for å starte Rhythmbox, trykk Alt+F2 og skriv «rhythmbox» (utan enkelt-hermeteikn). Namnet på appen er kommandoen for å starte programmet.
Bruk pilknappane for å få rask tilgang til tidlegare køyrde kommandoar.