Slett ein brukarkonto
Du kan leggje til fleire brukarkontoar på datamaskina di. Om nokon ikkje lenger brukar datamaskina di, kan du slette kontoen til den brukaren.
Du treng administratorrettar for å slette brukarkontoar.
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive System.
Vel Innstillingar ▸ System frå resultata. Dette opnar System-panelet.
Vel Brukarar for å opne panelet.
Trykk Lås opp øvst til høgre og skriv inn passordet ditt når du vert bedt om det.
Klikk på brukarkontoen du vil slette under Andre brukarar.
Trykk på Fjern brukar...-knappen for å slette brukarvanta.
Kvar brukar har sin eigen heimemappe for filene og innstillingane sine. Du kan velje å behalde eller slette brukaren sin heimemappe. Klikk Slett filer viss du er sikker på at dei ikkje skal brukast lenger og du må frigjere diskplass. Desse filene vert sletta for alltid. Dei kan ikkje hentast tilbake. Du vil kanskje ta ein sikkerheitskopi av filene til ein ekstern lagringseining før du slettar dei.