Set standardskrivaren

Viss du har meir enn éin skrivar tilgjengeleg, kan du velje kva som skal vere standardskrivaren din. Du vil kanskje velje den skrivaren du brukar oftast.

Du treng administrative rettar på systemet for å setje standardskrivaren.

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Skrivarar.

  2. Klikk Skrivarar.

  3. Avhengig av systemet ditt, må du kanskje trykkje Lås opp øvst til høgre og skrive inn passordet når du vert bedt om det.

  4. Trykk på innstillingar-knappen ved sidan av skrivaren.

  5. Vel avkryssingsboksen Bruk skrivaren som standard.

Når du skriv ut i ein app, vert standardskrivaren automatisk brukt, med mindre du vel ein annan skrivar.