Slå av utlogging og brukarbyte
Å hindre brukaren i å logge ut er nyttig for spesielle GNOME-installasjonar (ubemanna kioskar, offentlege internettterminalar og så vidare).
Brukaren kan kome seg rundt utloggingslåsen ved å byte til ein annan brukar. Difor er det tilrådd å òg slå av brukarbyte når du set opp systemet.
Slå av utlogging og brukarbyte
-
Opprett user-profilen som inneheld desse linjene:
/etc/dconf/profile/user
user-db:user system-db:locallocal er namnet på ein dconf-database.
Create the directory /etc/dconf/db/local.d/ if it does not already exist.
-
Opprett nøkkelfila /etc/dconf/db/local.d/00-logout for å gje informasjon til local-databasen:
[org/gnome/desktop/lockdown] # Hindre at brukaren loggar ut disable-log-out=true # Hindre at brukaren byter brukar disable-user-switching=true -
Overstyr innstillinga til brukaren og hindre brukaren i å endre ho i /etc/dconf/db/local.d/locks/lockdown:
# Lås utlogging /org/gnome/desktop/lockdown/disable-log-out # Lås brukarbyte /org/gnome/desktop/lockdown/disable-user-switching -
Oppdater systemdatabasane:
# dconf update Start systemet på nytt for at systeminnstillingane skal verke.