Set opp sporingstype for Wacom-brettet
Teikneplatemodus avgjer korleis stilusen vert kartlagd til skjermen.
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Wacom-brettet.
-
Klikk på Wacom-brettet for å opne vindauget.
Om ingen nettbrett vert oppdaga, vert du bedt om å Kopla til eller slå på Wacom-teikneplata di. Klikk Blåtann i sidefeltet for å kople til eit trådlaust nettbrett.
Vel mellom nettbrett- (eller absolutt) og peikeplate- (eller relativ) modus. For nettbrett-modus, slå på Teikneplatemodus.
I absolutt modus svarar kvart punkt på nettbrettet til eit punkt på skjermen. Øvst til venstre på skjermen svarar til dømes alltid til same punktet på nettbrettet.
I relativ modus, viss du lyftar stilusen frå brettet og legg han i ei anna stilling, flyttar ikkje peikaren på skjermen seg. Slik fungerer ein mus.