Eg høyrer spraking eller summing når lydar vert spelte av
Viss du høyrer spraking eller summing når lydar vert spelte av på datamaskina di, kan det vere eit problem med lydkablane eller kontaktane, eller eit problem med drivarane til lydkortet.
-
Sjå at høgtalarane er kopla til på rett vis.
Viss høgtalarane ikkje er skikkeleg kopla til, eller viss dei er kopla til feil kontakt, kan du høyre ein summelyd.
-
Sjå til at høgtalar-/hovudtelefonkabelen ikkje er skada.
Lydkabel og kontaktar kan gradvis verte slite ved bruk. Prøv å kople kabelen eller hovudtelefonane til ein annan lydavspelaren (som ein MP3-spelar eller CD-spelar) for å sjekke om det framleis er ein knitrelyd. Viss det er det, må du kanskje byte ut kabelen eller hovudtelefonane.
-
Sjå om lyd-drivarane ikkje er svært gode.
Nokre lydkort fungerer ikkje særleg bra på Linux fordi dei ikkje har gode drivarar. Dette problemet er vanskelegare å identifisere. Prøv å søkje etter merke og modell på lydkortet ditt på internett, pluss søkjetermen «Linux», for å sjå om andre har same problem.
Du kan bruke lspci-kommandoen for å få meir informasjon om lydkortet ditt.