Logg inn med fingeravtrykk
Viss systemet ditt har ein støtta fingeravtrykksskannar, kan du ta opp fingeravtrykket ditt og bruke det til å logge inn.
Registrer eit fingeravtrykk
Før du kan logge inn med fingeravtrykket ditt, må du registrere det slik at systemet kan bruke det til å identifisere deg.
Viss fingeren din er for tørr, kan det vere vanskeleg å registrere fingeravtrykket. Viss dette skjer, fukt fingeren litt, tørk han med ein rein, lofritt klut, og prøv på nytt.
Du treng administrator-tilgang for å redigere brukerkontoar andre enn din eigen.
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive System.
Vel Innstillingar ▸ System frå resultata. Dette opnar System-panelet.
Vel Brukarar for å opne panelet.
Trykk på Deaktivert, ved sidan av Fingeravtrykksinnlogging for å leggje til eit fingeravtrykk for den valde kontoen. Dersom du legg til fingeravtrykket for ein annan brukar, må du først Lås opp panelet.
Vel den fingeren du vil bruke til fingeravtrykket, og trykk deretter på Neste.
Følg instruksjonane i vindauget og sveip med fingeren i moderat fart over fingeravtrykklesaren. Når datamaskina har eit godt opptak av fingeravtrykket ditt, vil du sjå ei Ferdig! melding.
Vel Neste. Du vil sjå ei stadfesting på at fingeravtrykket ditt vart lagra. Vel Lukk for å avslutte.
Sjå at fingeravtrykket ditt fungerer
Sjekk no at den nye fingeravtrykksinnlogginga fungerer. Sjølv om du registrerer eit fingeravtrykk, har du framleis moglegheita til å logge inn med passordet ditt.
Lagre alt arbeid som er ope, og logg ut.
På innloggingsskjermen, vel namnet ditt frå lista. Passordfeltet kjem opp.
I staden for å skrive inn passordet ditt, skal du kunne sveipe med fingeren over fingeravtrykklesaren.