Skriv ut konvoluttar
Dei fleste skrivarar lèt deg skrive ut direkte på ein konvolutt. Dette er særleg nyttig om du til dømes skal sende mange brev.
Skriv ut på konvoluttar
Det er to ting du må sjekke når du prøver å skrive ut på ein konvolutt.
Det fyrste er at skrivaren din veit kva storleik konvolutten har. Trykk Ctrl+P for å opne vindauget for utskrift, gå til Sideoppsett-fana og vel Papirtype som «Konvolutt» om du kan. Om du ikkje kan gjere dette, sjå om du kan endre Papirstorleik til ein konvoluttstorleik (til dømes C5). Konvoluttpakken vil seie kva storleik dei har; dei fleste konvoluttar kjem i standardstorleikar.
For det andre må du sørgje for at konvoluttane er lagde inn med rett side opp i tenaren sin inntaksskuffe. Sjekk bruksanvisinga til tenaren for dette, eller prøv å skrive ut ein enkelt konvolutt og sjå kva side som er trykt på for å sjå kva veg som er rett veg opp.
Somme skrivarar er ikkje laga for å kunne skrive ut konvoluttar, særleg enkelte laser-skrivarar. Sjekk bruksanvisinga til skrivaren din for å sjå om han støttar konvoluttar. Elles kan du skade skrivaren ved å mate inn ein konvolutt.