Skriv ut ei hefte på ein einsidig skrivar
Desse instruksjonane er for å skrive ut ei hefte frå eit PDF-dokument.
Viss du vil skrive ut ei hefte frå eit LibreOffice-dokument, må du først eksportere det til PDF ved å velje Fil ▸ Eksporter som PDF…. Dokumentet ditt må ha eit tal sider som er deleleg med 4 (4, 8, 12, 16,…). Du må kanskje leggje til opptil 3 blanke sider.
For å skrive ut:
Opne utskriftsvindauget. Dette kan vanlegvis gjerast via Skriv ut i menyen eller ved å bruke tastatursnarvegen Ctrl+P.
-
Trykk på Eigenskapar… knappen
I Retning-nedtrekkslista må du sørgje for at Liggjande er vald.
Klikk OK for å gå attende til utskriftsvindauget.
-
Under Omfang og kopiar, vel Sider.
Skriv inn sidetala i denne rekkjefølgja (n er det totale talet på sider, og eit multiplum av 4):
n, 1, 2, n-1, n-2, 3, 4, n-3, n-4, 5, 6, n-5, n-6, 7, 8, n-7, n-8, 9, 10, n-9, n-10, 11, 12, n-11 …
…til du har skrive alle sidene.
Døme:
4-siders hefte: Skriv 4,1,2,3
8-siders hefte: Type 8,1,2,7,6,3,4,5
12-siders hefte: Skriv 12,1,2,11,10,3,4,9,8,5,6,7
16-siders hefte: Skriv 16,1,2,15,14,3,4,13,12,5,6,11,10,7,8,9
20-siders hefte: Skriv 20,1,2,19,18,3,4,17,16,5,6,15,14,7,8,13,12,9,10,11
-
Vel Sideoppsett-fana.
Under Utforming, vel Brochure.
Under Sider på sida, i rullegardinmenyen Ta med, vel Framside / høgresider.
Klikk Skriv ut.
Når alle sidene er skrivne ut, snur du sidene og legg dei tilbake i skrivaren.
Opne utskriftsvindauget. Dette kan vanlegvis gjerast via Skriv ut i menyen eller ved å bruke tastatursnarvegen Ctrl+P.
-
Vel Sideoppsett-fana.
Under Sider på sida, i rullegardinlista Ta med, vel Baksider / venstre sider.
Klikk Skriv ut.