Trøbbeloppløysar for trådlaust nettverk

Hent informasjon om nettverksproduktet ditt

I dette trinnet samlar du informasjon om det trådlause nettverksutstyret ditt. Måten du løyser mange trådlause problem på, er avhengig av merke og modellnummeret til det trådlause adapteret, så du må notere desse detaljane. Det kan også vere nyttig å ha nokre av dei tinga som følgde med datamaskina di, slik som installasjonsdiskar for drivarar. Leite etter følgjande ting, om du framleis har dei:

  • Innpakkinga og bruksanvisinga til dei trådlause einingane dine (særleg brukarkontrollen til ruteren din)

  • Disken som inneheld drivarar til det trådlause adapteret ditt (sjølv om han berre inneheld Windows-drivarar)

  • Produsentar og modellnummer for datamaskina, trålause adapteret og tenaren. Denne informasjonen finn du som regel på undersida eller baksida av eininga.

  • Versjons- eller revisjonsnummer som kan vere trykt på dei trådlause nettverksutstyra dine eller emballasjen deira. Desse kan vere spesielt nyttige, så sjå nøye etter.

  • Alt på drivaren som identifiserer sjølve eininga, «firmware»-versjonen eller komponentane (brikkesettet) han brukar.

Om mogleg, prøv å få tilgang til ei alternativ fungerande internettforbindelse slik at du kan laste ned programvare og drivarar om nødvendig. (Å kople datamaskina direkte til ruteren med ein Ethernet-nettverkskabel er ein måte å sørgje for dette på, men kople berre til når du treng det.)

Når du har så mange av desse elementa som mogleg, klikk Neste.