Trøbbeloppløysar for trådlaust nettverk

Utfør ein innleiande tilkoplingstest

I dette trinnet vil du sjekke nokre grunnleggjande opplysningar om den trådlause nettverkstilkoplinga di. Dette er for å sikre at nettverksproblemet ditt ikkje kjem av eit relativt enkelt problem, som at den trådlause tilkoplinga er slått av, og for å førebu deg på dei neste få feilsøkingstinna.

  1. Sjå til at bæraren din ikkje er kopla til ein kabelbasert internett-tilkopling.

  2. Dersom du har ein ekstern trådlaus adapter (som ein USB-adapter, eller eit PCMCIA-kort som vert kopla til bæraren din), sørg for at han er fast sett inn i rett spor på datamaskina di.

  3. Viss trådlaust kort er inne i datamaskina di, sørg for at den trådlause brytaren er slått på (viss han har ein). Berbare datamaskinar har ofte trådlause brytarar som du kan slå på ved å trykkje ein kombinasjon av tastar.

  4. Opne systemmenyen frå høgresida av topplinja og vel Wi-Fi-nettverket, vel deretter Wi-Fi-innstillingar. Sjekk at Wi‑Fi-brytaren står på. Du bør også sjekke at flymodus ikkje er slått på.

  5. Opne Terminalen, skriv nmcli device og trykk Enter.

    Dette vil vise informasjon om nettverksgrensesnitta og tilkoplinga. Sjå nedover lista over informasjon og sjå om det finst eit punkt som gjeld det trådlause nettverkskortet. Om tilstanden er connected, tyder det at kortet fungerer og er tilkopla den trådlause ruteren din.

Viss du er kopla til den trådlause ruteren din, men framleis ikkje kjem deg på internett, er det mogleg at ruteren ikkje er riktig oppsett, eller at internettleverandøren din (ISP) opplever tekniske problem. Gå gjennom oppsettveiledningane for ruteren og internettleverandøren din for å sikre at innstillingane er korrekte, eller kontakt internettleverandøren din for hjelp.

Viss informasjonen frå nmcli device ikkje viste at du var kopla til nettverket, klikk Neste for å gå vidare til neste del av feilsøkingsguiden.