Andre brukarar kan ikkje kople til internett

Når du set opp ei nettverkstilkopling, vil alle andre brukarar på datamaskina di normalt kunne bruke ho. Dersom tilkoplingsinformasjonen ikkje er delt, bør du sjekke tilkoplingsinnstillingane.

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Nettverk.

  2. Klikk på Nettverk for å opne vindauget.

  3. Vel Wi‑Fi frå lista til venstre.

  4. Trykk på innstillingar-knappen for å opne tilkoplinga sine detaljar.

  5. Vel Identitet frå panelet til venstre.

  6. Nedst i Identitet-panelet, merk av for Gjer tilgjengeleg for andre brukarar-valet for å la andre brukarar bruke nettverkstilkoplinga.

  7. Trykk Bruk for å lagre endringane.

Andre brukarar av datamaskina vil no kunne bruke denne tilkoplinga utan å leggje inn fleire detaljar.

Kvar brukar kan endre denne innstillinga.