Vanleg brukte nettverksportar
Dette er ei liste over nettverksportar som vanlegvis vert brukte av appar som tilbyr nettverkstenester, som filteneste eller fjernskrivebord. Du kan endre brannmuren i systemet ditt til blokkere eller tillate tilgang til desse appane. Det er tusenvis av portar i bruk, så denne tabellen er ikkje komplett.
Port |
Namn |
Skildring |
5353/udp |
mDNS, Avahi |
Gjer at system kan finne kvarandre, og skildre kva tenester dei tilbyr, utan at du treng å oppgi detaljane manuelt. |
631/udp |
Skriv ut |
Gjer det mogleg å sende utskriftsjobbar til ein skrivar over nettverket. |
631/tcp |
Skriv ut |
Gjer det mogleg å dele skrivaren din med andre over nettverket. |
5298/tcp |
Nærvær |
Lèt deg annonsere lynmeldingsstatusen din til andre på nettverket, slik som «på nett» eller «oppteken». |
5900/tcp |
Fjernskrivebord |
Gjer at du kan dele skrivebordet ditt slik at andre kan sjå det eller gje fjernhjelp. |
3689/tcp |
Musikkdeling (DAAP) |
Gjev deg høve til å dele musikkbiblioteket ditt med andre på nettverket ditt. |