Slå på eller blokker brannmurtilgang

GNOME kjem ikkje med ein brannmur, så for støtte utover dette dokumentet bør du sjekke med støtteteamet til distribusjonen din eller IT-avdelinga i organisasjonen din. Datamaskina di bør vere utstyrt med ein brannmur som gjer at ho kan blokkere program frå å verte tilgjengelege for andre på internett eller i nettverket ditt. Dette bidreg til å halde datamaskina trygg.

Mange appar kan bruke nettverkstilkoplinga di. Til dømes kan du dele filer eller la nokon sjå skrivebordet ditt på avstand når du er kopla til eit nettverk. Avhengig av korleis datamaskina di er oppsett, må du kanskje justere brannmuren for å tillate at desse tenestene fungerer som tenkt.

Kvart program som tilbyr nettverkstenester brukar ein bestemt nettverkspørt. For å gjere det mogleg for andre datamaskinar på nettverket å få tilgang til ei teneste, må du kanskje «opne» den tildelte porten i brannmuren:

  1. Gå til Aktivitetar øvst til venstre på skjermen og start brannmuren din. Du må kanskje sjølv installere ein brannmurhandterar om du ikkje finn ein (til dømes GUFW).

  2. Opne eller deaktivere porten for nettverkstenesta di, alt etter om du vil at folk skal kunne få tilgang eller ikkje. Kva port du må endre vil avhenge av tenesta.

  3. Lagre eller bruk endringane, og følg alle tilleggsinstruksjonar frå brannmuren.