Må eg skanne e-postane mine for virus?

Virus er program som skaper problem om dei finn vegen inn på datamaskina di. Ein vanleg måte dei kjem seg inn på er via e-post.

Virus som kan råke datamaskinar med Linux er ganske sjeldne, så du vil sannsynlegvis ikkje få virus via e-post eller på anna vis. Om du får ein e-post med eit skjult virus, vil det truleg ikkje påverke datamaskina di. Dermed treng du sannsynlegvis ikkje skanne e-posten din etter virus.

Du vil likevel kanskje skanne e-posten din etter virus i tilfelle du skulle vidaresende eit virus frå ein person til ein annan. Viss ein av venene dine til dømes har ein Windows-datamaskin med eit virus og sender deg ein virusinfisert e-post, og du så vidaresender den e-posten til ein annan venn med Windows-datamaskin, kan den andre vennen få viruset også. Du kan installere ein anti-virus-app for å skanne e-postane dine for å hindre dette, men det er usannsynleg at det skjer, og dei fleste som brukar Windows og Mac OS har uansett sin eigen anti-virus-programvare.